poverty is like punishment for a crime you didn`t commit

by Alise Rætta

For dei som ikkje veit de so e ej Plan-fadder. I ca 2 år no he ej våre fadder til ei 12 år gammale jente som bur i Egypt, Mariam :-) Vi brevveksla og ej vart alltid veldig glad for å få brev frå ne. Huska første gongen ej fekk brev satt ej med ei tåre i auekroken, vart veldig rørte! Ho hadde også klistra på nåken tegneserie-klistermerke på breve sitt, utrulig søtt. Siste oppdateringa ej fekk va at ho hadde slutta på skulen, nåke som e veldig domt. No fekk ej ei ny portefolie med Plan og ej skjønte med en gong at sida de va et stort og tjokt brev so he ej fått et nytt fadderbarn. Grunnen til ditte e fordi familien til mitt forrige fadderbarn he dessverre trekt sej ut av Plan si fadderbarnordning. Mitt nye fadderbarn, Claudine, e 8 år og bur i et lite land i Vest-Afrika som heite Benin.

Benin e da som sagt et lite land, eller ihvertfall et lite land til Afrika å vær, med ca 7 milliona innbyggara. Over halvparten av befolkninga e under 18 år. Nåken av problema til lande e blant anna lite effektive jordbruksmetode og mangel på dyrkbart land, nåke som føre til dårlige inntekte. Ditte føre da igjen til fattigdom, som føre til manglande helsetjeneste og dårlige sanitære forhold. De e for eksempel høgst få familia som he tilgong på reint vatn. Beninske myndighete e heller ikkje i stand til å sikre både kvinne og onga sine rettighete blant anna e de berre et lite antall onga som blir registert ved fødselen. Lande e kjent for å ha hatt en av verdens høgaste barnedødlighetsrate for onga under 5 år, og aids helde dødeligheta oppe.  Ellers e lande prega av trafficking (menneskehandel), barnearbeid, tvangsekteskap og kjønnslemlestelse. Veldig trist og fælt at nåke som e umulig og fråstøtande for oss e nåke andre menneske slite med til daglig. Ej må berre ta med en liten “funfact” også oppi all elendigheta om lande: voodoo stamma visstnok frå Benin! Visste dåkke at de faktisk e en religion? I didn`t, hehe.

Nåke av de Plan jobba med i Benin e blant anna å sikre husstandane næringsrik mat, tiltak for å handtere barnesjukdomma, seksualitet og familieplanlegging (altso at dei skal få muligheta til å ta ansvarlige valg og bli beskytta mot diskrimering), tilgong til reint vatn heile åre og forsvarlige sanitære forhold, relasjonsbygging og rettighete for barn og kvinne, grunnutdanning og samarbeid mellom lokalsamfunna.

Ej lika veldig godt å være Plan-fadder, de kjekkaste ej veit e å føle at ej faktisk bidrege til å gjer en forskjell her i verda. Kanskje ikkje nåke stort nåke, men ej gjer ihvertfall meir enn ka monge andre gjer. For mej e de heilt fjernt og gå rondt i si eiga boble og skylde på at man ikkje he råda til å gi penga til veldedighet eller være med i ei fadderordning. Alle he råda til å gi økonomisk støtte, uansett om de e 10 krone eller 250 krone. Gir man 250 krone i månen til et lokalsamfunn som slite med fattigdom og som knapt he tilgong på livsviktige faktora som vi teke som ei sjølvfølge konstant skal være forann nasa på oss, gir man so mykje meir enn berre penga. Fe ikkje so mykje for 250 krone her i Norge, men i et u-land metta de monge monna. Du slukka tørsten deira. Hjelpe til med helsevesen og rettighete. Koffor ikkje sette av 250 krone i månen til nåken som virkelig trenge kvar ei krone, istedenfor å for eksempel kjøpe sej ei ny bokse-som-man-egentlig-ikkje-trenge eller alle dei nye magasina som he komt ut i butikkhyllene? E ikkje ute ette å trakke nåken på tærna eller nåke, men de e jo berre slik de e dessverre.

Stolt Plan-fadder som gjer en liten forskjell, men likevel en forskjell :-)